IMG_4133_6_150.jpg
 
 
 

bryggjer i kjærleik til smak, opplevingar og tradisjon. 

 
 
 

Om BaatBryggeriet

Baatbryggeriet ligg i hjartet av Møre og Romsdal.  Omkransa av fager natur, fjord og fjell finn du oss på Vestnes med under ein time køyretid frå byane Molde, Ålesund og  Åndalsnes.  

Vi som eig og driv bryggeriet er;

Einar, Kurt, Terje , Magnus, Stian og David.

Historien
Vi starta opp fyrste gongen tilbake i 2004. Vi var då blant dei første som satsa på flaskemodna øl i Noreg.   Vi dreiv ølproduksjon i lokala til eit nedlagd vaskeri. Utstyret vårt var av den heimesnekra typen med utgangspunkt i  gamle mjølketankar. Vi mista produksjonslokala, selde utstyret og i januar 2007 vart bryggeriet offisielt avvikla.  
Etter 7 år i dvale var tida inne for å ta ein ny sjanse.  Hausten 2014 blei Baatbryggeriet AS stifta. Nytt bryggeri vart bygd, bryggeverk og produksjonsutstyr vart kjøpt inn og installert.  Dei gamle merkevarene våre, Styrbord og Babord kom tilbake i produksjon og var ute på marknaden i april 2016.

Bryggeriet
Utstyret vårt er eit 2000 liters bryggeverk med tilhøyrande tankar og ei halvautomatisk tappemaskin. 
I tilknyting til bryggeriet har vi råvarelager, varme- og kjølerom samt eit lite laboratorium og kontorfasilitetar.   


Arrangement 
I bryggeriet kan vi ta i mot grupper som ønskjer omvising og smaksprøver.  Vi kan ta i mot selskap og gi matservering, ølsmaking ol.  Dersom du eller bedrifta di har spesielle ønske kan vi sy i saman noko i lag.

Det er og mogeleg å leige lokala for avholde kurs og foredrag. Vi er utrusta med moderne hjelpemiddel til dette.

 
 

Her vil me legge ut nyheiter fortløpande

Hardt Styrbord, Hardt Babord, Nygle og Julefergaa fås kjøpt på Vinmonopolene i Møre og Romsdal. På tapp kan du finna våre øl på

Molo Brew i Ålesund, Tapp & Kork på Molde og Folk Spiserier i Ulsteinvik.

Alle våre andre øl finn du i dagligvare butikker over heile landet. Vi leverer til alle dei tre kjedene; Norgesgruppen, Coop og Rema 1000.


Åpent bryggeri 30.11.2018.jpg

ÅPENT BRYGGERI fredag den 30 November.

kl. 18.00 til 23.00.


Serveringen avsluttes kl. 22.30

Mye snadder på tapp

Følg med på vår facebook og Instagram sider.

 

ÅPENT BRYGGERI I ROMJULA, fredag den 28.Desember

Åpent bryggeri 28.12.2018.jpg

 
 
 

STYRBORD 4,6%

Brygget består av palemalt, pilsnermalt, münchnermalt, melanoidenmalt og carahelles. Humlesortane er Goldings, Citra, Cascade, Chinook og Colombus. Amerikansk alegjær. Vatnet er frå Sprov i Skorgedalen (Vestnes).   

 
 
 

BABORD 4,6%

Brygget er ein red ale med palemalt, münchnermalt, ambermalt, caramalt, caramünchener, melanoidemalt og røstet bygg. Humlesortane er East Kent Golding, Tomahawk og Chinook. Engelsk alegjær. Vatnet er frå Sprov i Skorgedalen (Vestnes).

 
 
HardtStyrbord.png
 

HARDT STYRBORD 6,4%

Dette er eit lyst overgjæra øl med god fylde. Spennande smakar av malt, krydder og blomst. Passar godt til krydra kjøt og fisk. Nytast óg som kosedrikk. Hardt Styrbord  har vunnet publikumsprisen både i 2016 og 2017 under Ålesund Ølfestival. 

 
Fjordasjarken.png

FjordaSJARKEN 4,6 %

Kommer i butikk ca. Mars 2018. FJORDASJARKEN er eit uklårt, friskt og lyst øl med mykje smak av humle, blome og sitrus. Ølet er bryggja på byggmalt, kveitemalt, havregryn, belgisk gjær og eit konglomerat av ulike humler tilsett til ulike tider i bryggjeprossessen. Høver godt til smakfull sjømat, krydra mexikansk mat og til blåmuggost eller nyt han gjerne berre som tørstedrikk. Ølet er ikkje pasteurisert eller filtrert, men er ettergjæra på flaska. Det har difor ein gjærfot på botnen, slå derfor ølet varsamt i glaset. Serverings temperatur 6 – 10 grader C.

 
Julebord.png

JULEBORD 4,6 %

JULEBORD er eit undergjæra koparfarga lagerøl med maltpreg og hint av anis. Ølet er bryggja på bygg- malt, gjær og humle. Julebord høver godt til juleskinka, men og til juletorsken, lutefisk og klippfisk.Serveringstemperatur; 8 – 12 grader C.

 
Julefergaa.png

JULEFERGAA 6,3 %

NB! Ny batch til jul 2018. Julefergaa er eit mørkt undergjæra øl med maltpreg og smak av sjokoladekaramell og tørka frukt. JULEFERGAA høver godt som følgje til pinnekjøt og ribbe, til kakebordet på julefesten eller i lag med ei god bok i sofakroken. Ølet er ikkje pasteurisert eller filtrert, men er ettergjæra på flaska. Dersom du ikkje vil ha eit uklart øl må du la flaska stå roleg og så slå ølet varsamt i glaset. Serveresr mellom 8–15 grader C

 
 
HardtBabord.png
 

HARDT BABORD 6,8%

Dette er eit mørkt raudsvart øl med fin fylde. Smaker av karamell, krydder og rosin. Passar godt til stekt kjøt, tyngre norsk tradisjonsmat, til dessert og sjokoladekake. Prøv Hardt Babord og brownies sjokoladekake, passar perfekt saman.

 
Livbaat.png

LIVBAAT 4,6 %

Pilsen vår har fått navnet Livbaat og er eit undergjæra lagerøl med røter fra det tsjekkiske pilsnerølet. Det har ein middels fylde og fin friskleik. Livbaat kan nytast som forfrisking, men passar og godt til fisk, lyst kjøt og godt krydra mat.

 
Nygle.png

NYGLE 7,8 %

Kommer på Vinmonopolet i Mars 2018. NYGLE er eit sterkt svart øl med smak av sjokolade og kaffi. Ølet er bryggja på byggmalt, havregryn, rista bygg, humle og gjær. Frisk kaffi er tilsett mot slutten av gjæringa. Passar til grilla kjøt, men kanskje best til mjuk sjokoladekake, vaniljeis og dessert. Ølet er ikkje pasteurisert eller filtrert, men er ettergjæra på flaska. Det har difor ein gjærfot på botnen. Serverings-temperatur 12 – 18 grader C. Nygle vann som beste Stout under Stranda Sout og Porter festival i fjord.

 
Baatsmann.png

BAATSMANN 4,6 %

Ein båtsmann er ein erfaren matros som leier det daglege arbeidet ombord på eit skip. BAATSMANN er eit lyst, lett øl med belgisk opphav. Ølet er bryggja på byggmalt og kveitemalt, humle og gjær. Høver godt til pastarettar, kylling, lyst kjøt og cæcarsalat. Ølet er ikkje pasteurisert eller filtrert, men er ettergjæra på flaska. Det har difor ein gjærfot på botnen, slå derfor ølet varsamt i glaset. Serveringstemperatur 8 – 12 grader C.

 


 


KONTAKT oss

Baatbryggeriet AS
Kråknesveien 7A, 6390 Vestnes

POST@BAATBRYGGERIET.NO
+47 462 19 200 (bruk mail)

 
 

her får du kjøpt baatbryggeriet sitt øl

KONTAKT VÅR DISTRIBUTØR OSKAR SYLTE MINERALVANN I MOLDE FOR LEVERANSE AV VÅRE BRYGG PÅ FLASKE OG FAT.
 

 
 
 
 

FØLG OSS PÅ FACEBOOK OG INSTAGRAM